Tips til søk i gjenstandskatalogen

I gjenstandskatalogen finn du opplysningar om alle funna som er komne inn til Bergen Museum. Dette er ein svært gamal katalog. Her møter du problemet med ulike skrivemåtar på stadnamn.

Det aller sikraste er å skrive inn museumsnummer på den gjenstanden du vil vite meir om i feltet "museumsnummer". Ofte får du desse nummera oppgitte her i Reiseveska. Eg vil foreslå at du berre fyller inn feltet for museumsnummer dersom du har det og klikkar på søk.

Dersom du ikkje veit museumsnummeret, vil eg foreslå at du bruker feltet "gardsnamn" eller feltet "fritekst". Skriv namnet på den kommunen eller garden du vil finne funn frå. Då vil du få opp ei liste over alle funna derifrå, og du kan då sjølv velge det funnet du var på leiting etter.

Du kan også skrive eit prosent-teiken, % etter eit ord.Det er fordi at garden Grasdal for eksempel vil stå som Grasdalen i lista. Når du då skriv "grasdal%" anten i feltet "gardsnamn" eller feltet "fritekst" vil du finne dolken frå Grasdal.

fornminnebasen
gjenstandskatalogen
førhistoriske minne

Du kan gå rett til søk i databasane her.